Scannet materiale fra Statsarkivet, oktober 06 011.jpg

(Trykk på bildet for full størrelse)

Tuberkulose og spreiing

Hører til Tuberkulose

Tæring, eller tuberkulose, er ein alvorlig, smittsam sjukdom. Spreiingsmåten er dråpesmitte, der lungene vert angripne først. Tuberkelbasillen vart oppdaga i 1882.

Det var mykje frykt knytta til tuberkulosen etter at han var blitt identifisert og det framleis var vanskelig å behandle sjukdommen. På landsbasis var tuberkulosen ansvarlig for kvart sjette dødsfall kring hundreårsskiftet. God hygiene vart viktig for å drive tuberkulosen attende, og eit nytt element i tida var spyttbakkane som ein kunne sjå på offentlige stader, butikkar og i forsamlingslokale. Vaskekoner kan fortelje at det verste dei gjorde, var å reingjere desse spyttbakkane.

Loven om tuberkulose påbaud å føre register over dei som var smitta, og isolasjon av dei var viktig for å hindre spreiing. Tiltak mot tuberkuslosen vart noko av den viktigaste satsing for ulike kvinneforeiningar som bidrog til å byggje helseheimar rundt om i bygd og by. Helseråda hadde fullmakt til å tvangsinnlegge tuberkuløse. Etter kvart fekk ein så dei offentlige sanatoria som skulle ta seg av dei tuberkuløse. Dei private kuranstaltane som vart etablerte frå 1880-åra og framover under nemninga sanatorium, må ikkje forvekslast med tuberkulosesanatorium. Først etter andre verdskrigen fekk ein omfattande program mot tuberkulose med antibiotika, røntgen, vaksinasjon og tuberkulinprøve. 

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 155-156

Kilder