Sjuk eller frisk?

Hører til Sjukdom

Når ein skal studere og vurdere helseforhold, er det viktig å ha med seg at det er stor kontrast i sjukdomsoppfatninga mellom før og no. I 1800-åra hadde ein høgare terskel for smerte og plager enn i dag, og sjukdom og død var ein mykje meir naturlig del av tilværet enn no til dags.

Tidligare hadde ein lågare forventning til helsa og til kva som både kunne førebygge og lækje sjukdom. Ein levde med plager og sjukdomar, og den enkelte vente seg til dei skavankane han eller ho hadde. Fråvær av sjukdom var ingen føresetnad for å oppleve folkehelsa som god. Korleise ein opplever sjukligheit er i det heile subjektivt, men opplevinga vert likevel prega av den tida ein lever i. Helsepersonell i det seine 1800-talet hadde nok ei litt anna oppfatning enn folk flest, men dei var også prega av si tid og hadde ei oppfatning som var vesensforskjellig frå dagens på mange punkt. Perioden 1850-1920 var enno ei tid der mange smittsame sjukdomar herja. Etter at mange av dei no er nærast utrydda i vår del av verda, er fråvær av smittsame sjukdomar det normale og oppfatninga av sjukdom deretter.

Nokre vanlige plager og sjukdommar var tannpine, hudlidingar (lopper, lus, skabb), mage- og tarmlidingar, lungebetennelse, difteriske sjukdomar, tyfoidfeber og tæring, det vil seie tuberkulose. 

Tannverk
Tannverk var i stor grad eit fenomen som følgde med den moderne tida med større innslag av sukkerhaldig mat og drikke. Tannhelse til folk hadde nok votre betre før, og mange eldre folk hadde aldri hatt tannverk, sjøl om dei ikkje hadde høyrt verken om tannkost eller tannkrem. Tidlig på 1900-talet vart tannsjukdomar meir utbreidd, og det var ikkje sjeldan å sjå unge menneske, både gutar og jenter, med gebiss både oppe og nede. 

Lopper og lus
Hudlidingar, derimot, hadde frå gamalt vore ein del av det daglige tilværet. Skabb, som vert årsaka av ein midd, smitta ved kroppslig kontakt, og var ei utbredt plage og nokre stader omtale som stadeigen. Distriktslegane meinta at grunnen var at folk var meir ureinslige. Forholda betra seg mot slutten av 1800-talet da folk begynte å ta den personlige hygienen meir på alvor. Likevel kan ein finne livaktige skildringar av korleis lus herja i håret og loppa i kleda mange stader. Johan Moan har fortalt om da han som gutunge på 1880-talet byrja sammen med Johan Falkberget som vaskarryss på Kongens gruve. Da dei skulle leggje seg i brakka første kvelden, fekk dei mest ikkje sove på grunn av hordane med rovdyr som herja i dei lortete saueskinnsfellane. Men gruvebusen sov, dei var så vant med desse plagene. 

Diare og kolera
Mage- og tarmlidingar hadde fleire årsaker. Mange hadde fordøyingsproblem på grunn av kosthaldet. Like eins var det mykje diareprega sjukdommar på grunn av at folk var ureinslige og hadde dårlig vassforsyning. Diare og ein lett variant av kolera, cholera nostras, hadde stor utbreiing. Problema auka fram mot 1900. Det var heilt vanlig å ha "magasjau", ikkje minst blant ungar, og det vart mange dødsfall på gurnn av uttørking. Kolearbakterien vert overført via matvarer og drikkevann. Det var fleire koleraepidemiear i Noreg på 1800-talet, også her i Trøndelag, men ikkje etter 1873. I 1868 herja både diare og kolera i Trøndelag. Bortimot 6000 menneske vart smitta, og over 220 døyde. Det svarte til 1,15 promille av folketalet. Omrekna til år 2000 ville det ha blitt 450 dødsfall berre på eitt år av ein epidemi her i Trøndelag. Det er ikkje vanskelig å tenkje seg kva for avisoverskrifter det ville ha ført til. 

Lungebetennelse
Luftvegsinfeksjonar med lungebetennelse var ei anna alvorlig og hyppig lidning. Ein må hugse på at dette er lenge før antibiotika var oppfunne, og vart ein først smitta av lungebetennelse, var det stor dødeligheit, ofte rundt 15 prosent. Lungebetennelse var ein av dei mest vanlige av dei oppgitte dødsårsakane, og av nærare 1000 rapporterte tilfelle i 1880, enda 12-13 prosent med dødelig utgang. 

Difteri
Noko vi knapt aner kva er i dag, anne enn at det står på barnas vaksinasjonssedel, er difteri, ein sjukdom som også var svært utbreidt i 1800-åra. På landsbasis var sjukdommen på topp kring 1890, og vel 25 prosent av dei som vart smitta, døydde. Enkelte år i Trøndelag herja sjukdommen sterkt, og 101-5 prosent av tilfella kunne ende med døden. Det skjedde på den måten at difteribakterien angreip svelg og nase, og han kunne spreie seg vidare og produserte giftstoff i kroppen som ramma hjartemuskelen og nervesystemet. 

Tyfoid
Tyfoidfeber, eller nervefeber, kjem av ein basille som vert utskilt med avføring og smittar via mat eller drikke, og er nært knytt til ureinslighet. Det var store epidemiar av nervefeber i 1850- og 1860-åra, og opptil ti prosent av dei smitta døydde. I 1870-åra var det fleire lokale epidemiar, og hausten 18880 var det mange tilfelle av tyfoidfeber i Trondheim og omegn. Sjukdommen starta på Lademoen, spreidde seg lett og råka også arbeidarbefolkninga i Hommelvika. 

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 153-155

Relaterte artikler