Elever og lærere ved Gylland skole, Hovin i Melhus

(Trykk på bildet for full størrelse)

Opplæringsbehov

Hører til Barnetrinnet

I den unge norske staten frå 1814 fekk opplæringsbehovet ein noko annen karakter enn det som var ambisjonen med allmugeskolen. No vart etter kvart også opplæring av barn og unge til samfunnsborgarar viktig.

I den større samanhengen kan ein sjå på utdanning både for personlig vokster og sjølvstende, som eit ledd i demokratisering og nasjonsbygging, og som eit ledd i mordernisering og næringsutvikling. Uttrykket "gagns menneske" som mål for utdanning handlar slik sett både om eigenutvikling og samfunnsnytte.

Utdanning for eigen del og for fellesskapet
Utdanning var viktig for at den einskilde skulle utvikle seg, og utdanning var viktig for at fellesskapet skulle ha framgang og vokster. Utdanning var i det heile en viktig føresetnad for demokratiseringa. I samband med diskusjonen om lokalt sjølvstyre var det på 1830-talet nettopp spørsmål om dugleik og oppplsyning blant bøndene før ei slik oppgåve. Stiftsamtmann grev Trampe i Trondheim var opptatt av folkeopplysning og streka under at "Oplysning vil aldrig nåes, dersom Lyset aldrig tændes".[1]

Skulelova av 1827
Den gamle allmugeskule hadde vore ein kristendomsskule der leseopplæring var det viktigaste. Skrivekunne var mindre utbreidd. Skulelova av 1827 opna for ein større fagkrins med eit visst innslag av skriving og rekning, men elles var det viktigaste med denne lova at ein sikta mot betre utdanna lærarar ved å påby oppretting av seminar i alle stift for utdanning av kyrkjesongarar og lærarar ved fastskulane. Men for det store fleirtallet var det så langt berre snakk om omgangsskular.

Skilje by og land
Det var store skilje mellom sosiale grupper og mellom by og land. I byen var det tilbod både om latinskule og realskule for dei få. Elles sto det lenge dårlig til med skule for allmugens barn i byen. Det fanst fattigskular eller friskular, men dei raga på ingen måte framom allmugeskolen på landet, verken når det gjaldt lærarkrefter, skulelokale eller faglig innhald. Det tok til å betre seg i 1830-40-åra. Skulelova av 1848 gav nemninga allmugeskule også til byskulen, og kravde elles at lærarane ved fastskulane skulle ha seminareksamen, men omgangsskulelæraren berre skulle prøvast av prosten som tidligare.

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 171-172


[1] Krokann, Inge, 1937: Da bøndene reiste seg. Ein av førarane: Ingebrigt Sæter. Oslo. s. 67