Kvinnene slepp til i skulen

Allmueskulen var ein skule for begge kjønn, latinskulen var berre for gutar. Borgarskulane tok inn både jenter og gutar, rett nok med ulike fagtilbod, men jenter frå borgarskapet hadde allereie frå slutten av 1700-talet hatt tilgang til meir utdanning enn berre allmueskulen.

Trondhjems Borgerlige Realskole tok opp jenter allereie frå starten i 1783, og hadde alt frå 1799 eiga lærerinne for jentene. Utover på 1800-talet kom det til fleire private skular i byen som hadde tilbod for kvinnelige elevar. I Trondheim starta Jacobine Dunker ein privat skule i 1849 og dreiv han fram til 1857. Andre som kan nemnast, var kaptein Dessens skule, Jenny Baars skule, Thora Storms skule og frk. Arntzens skule, alle for jenter. Desse skulane for borgerskapets døtrer var utan eksamensrett fordi kvinnene enno ikkje hadde tilgang til offentlig eksamen. Det fanst også fleire private skular der både gutar og jentar vart tatt opp.

Mange slike private skuletilbod fungerte i praksis som utdanning for lærarinner eller guvernanter, mellom anna kom fleire av elevane frå Jakobine Dunkers skule til å få ein slik karriere. Fram til 1853 underviste dei kvinnelige lærarane i Trondhjems allmueskule berre i handarbeid, men deretter vart ofte all undervisning i småklassene overlatt til dei.

Eksamensrett
Jenteutdanninga tok nye steg framover mot slutten av 1800-åra. I 1878 fekk jenteskulane eksamensrett, i 1882 fekk kvinnene tilgang til examen artium og i 1884 tilgang til universitetet. I 1896 kom så, etter langt tids debatt, ei lov som slo fast likestilling mellom gutar og jenter i høgare utdanning. Ved alle skular som mottok offentlig støtte, hadde jenter same rett som gutar til å bli tatt opp som elevar.

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 176-178