Fttf.SCH.000377.jpg

(Trykk på bildet for full størrelse)

Frå folkebad til bad

Hører til Hygiene

Velstandsveksten viste seg ikkje berre på storleiken på husa, men også i korleis ei rekke funksjonar vart privatiserte og ført inn i bustadene. I byar som såg seg råd til slikt, hadde dei kommunale folkebada enno dei par første etterkrigstiåra ei viktig sosial rolle.

 Frå 1960-talet mista dei raskt massegrunnlaget sitt, og vart nedlagt. I staden kom svømmehallane, som i hovudsak var idretts- og mosjonsanlegg, og berre i liten grad hygieneinstitusjonar. Eit anna eksempel er fryseboksane, som fekk sitt store gjennombrot på 1960-talet og tok vekk behovet for fellesfryseria, der kvar husstand hadde sitt skåp av nettingvegger og nettingdør med hengelås på.

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 375

Relaterte artikler

Relaterte nettressurser