Levanger lærerskole (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Frå Klæbu til Levanger

Hører til Yrkesutdanning

Heilt fram til 1892 føregjekk lærarutdanninga i Trøndelag på Klæbu seminar. Da seminaret vart etablert i si tid, var det meint å vere mellombels i Klæbu, men det var etter nokre år fort meir permanent med bygningar og lærarpersonale.

Flytting?
Seminaristane trong øvingsskule for å få praktisk trening. Det fungerte i Klæbu så lenge det var omgangsskule og fådelt fastskule, men etter lova av 1889 vart det verre. Det kom nye krav til lærarutdanninga, mellom anna meir omfattande praksisopplæring. Klæbu kommune såg seg ikkje tent med den krinsereguleringa som øvingsskulen trong.

Det hadde lenge vore tale om å flytte seminaret. Ein såg seg om etter ein stad med meir liv, betre ordna folkeskule og betre kommunikasjonar. Det enda med at Stortinget i 1892 vedtok flytting til Levanger. Grunngjevinga var både betre muligheit for øvingsskule og innkvartering rundt om på gardane. Lærarane på seminaret ville heller til Trondheim, Strinda eller Melhus fordi dei ønsket å komme nærmare byen. Fleirtalet i stortingskomiteen ville ha seminaret til Strinda, men stortingsfleirtalet ville det annleis.

Lokaliseringsdebatt
Den debatten som gjekk føre seg i Stortinget, var ein lokaliseringsdebatt av godt, tidlaust merke. Argumenta var sterke på begge sider, nokre med tendensiøs grunngjeving, mellom anna om at det skulle vere stor sedløyse i nærleiken av Åsvang på Strinda. For heile Innherad kom lærarskulen til å bety enormt mykje kulturelt sett, og det skjøna nok dei som debatterte saka i Stortinget. Avrøystinga følgde stort sett partigrensene. Alle venstrerepresentantane unntatt dei frå Sør-Trøndelag gjekk inn for Levanger. Høgre gjekk samla inn for Strinda, mens Moderate Venstre delte seg. V.A. Wexelsen var kyrkjestatsråd på denne tida (1891-1893) og stortingsmann frå Nord-Trøndelag. Det hadde nok ein del å seie for valet av Levanger.

Levanger
Fram til 1892 var det blitt uteksaminert heile 1151 seminaristar frå Klæbu. Også til seminaret på Levanger vart det stor søknad. No hadde både kvinner og menn tilgang til full lærarutdanning, og det var langt fleire som møtte til opptaksprøve enn dei som kunne få plass. Det var framleis toårig seminar etter lova av 1890, men også krav om eit særskilt førebuingsår. I røynda vart utdanninga da tre år og førte fram til høgare lærarprøve. Førebuingsåret var elles godkjent som teoretisk utdanning for lågara lærarprøve.

Seminaret held først til i leigde lokale, men etter eit par år var det bygd nytt, men så brann mest heile Levanger i mai 1897, og seminarbygningane strauk med. Men Stortinget løyvde allereie same året pengar til ny seminarbygning, og i 1900 var han innvigt. I 1902 kom enda ei ny lov om lærarutdanninga som bestemte treårige kurs og nemninga læraskule. Nemning på lærarane gjekk no over frå styrar til rektor og frå overlærar til adjunkt.

Frå Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 179-180

Kilder