Fiskeria rundt midten av 1900-talet

Hører til Fiske

Trøndersk fiskerinæring hadde ikkje ord på seg for å vere spesielt framskriden rundt midten av 1900-talet. Statistikken fortel da også at det var langt færre store båtar og forholdsvis fleire små i trøndersk fiske enn lenger sør.

Sildeeventyrets tid
I så måte likna strukturen meir på den ein fann i Nord- Noreg, der kombinasjonsbruk mellom fiske og jordbruk var det mest vanlege. Samstundes dreiv ein god del folk langs trøndelagskysten også fraktfart, og jamvel fiskarbåtar tok fraktoppdrag utanom sesongen. Spesielt var ymse yrkeskombinasjonar der frakt inngjekk, utbreidd på Hitra og delar av Fosen. Frøya og Vikna var dei mest reine fiskerikommunane i landsdelen.

Og sesongen, det var først og fremst sildefisket. Dei tifemten første etterkrigsåra var sildeeventyrets tid på kysten av Nordvestlandet, og der tok også trønderske fiskarar del. I sesongen var også mange fraktbåtar og andre hjelpefartøy knytte til sildefisket og gav inntekter til mannskap og reiarar. For å få ein større andel i verksemda, investerte også ei rekke trønderske fiskarar i denne perioden i større, moderne snurparar og andre fartøy. I 1952 var det registrert 17 snurpefartøy i Sør-Trøndelag. Det var 7,7 prosent av landsflåten. Åtte år seinare hadde talet auka til 36 fartøy, 11,2 prosent av landsflåten. Av desse hadde heile 21 tilhald på Hitra og Frøya. I fiskeværa i øyrekka utanfor Fast-Frøya hadde det også kome til ein god del drivgarnbåtar.

Da silda tok slutt
Da silda tok slutt, vart det igjen problem for ein fiskeflåte som var i ferd med å bli spesialisert mot bestemte fangsttypar. Nokre drog på farvatn lenger unna, mellom anna på loddefiske nordpå, men fleire båtar vart selde. Andelen småbåtar gjekk igjen kraftig opp, og i 1969 kunne Trøndelagskomiteen fastslå at ein vesentleg del av fiskeflåten i Trøndelag var innretta på heimefiske med avgrensa aksjonsradius. Svært få dreiv bankfiske, og ingen dreiv fangst på fjerne farvatn. Ein stor del av flåten var rekna som forelda og umoderne utrusta. «Medan andre kystregionar hadde produktivitetsframgang utover i 1960-åra, svikta Trøndelags fiskarflåte både når det gjaldt sysselsetting, lønsevne og produktivitet,» oppsummerer Brynjulv Gjerdåker i ei avhandling som ber den talande tittelen Kystsamfunn skiftar ham.(1) Mye av forklaringa ligg tvillaust i at moderniseringa på 50-talet hadde vore så einsidig innretta mot sildefisket, men når ein også finn at lønnsevna på båtar over 40 fot var lågast i Trøndelag enno langt inn på 1980-talet, held ikkje den forklaringa lenger.

Kvifor heldt avviklinga av stordriftsfisket fram? «Kvar vart det av dei fiskarane som hadde leia an i storbåtfisket?» spør Gjerdåker. I hans tilfelle var det eit retorisk spørsmål, for han hadde svaret: Aktørar og kapital vart verande i lokalmiljøet, men verksemda vart flytt over på ein ny arena, fiskeoppdrett, der folk frå Hitra og Frøya var leiande i oppstartsfasen rundt 1970.

(1) Gjerdåker (1991) Kystsamfunn skiftar ham, s. 202

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 410-411

Relaterte artikler