Eksempla Leksvika og Fosen

Rundt tusenårsskiftet framstod Leksvika som eksempel på at det var mogleg med industrivekst også i trønderske småsamfunn om tilhøva låg til rette. Da var nærare 38 % av dei yrkesaktive i kommunen knytt til industrien, den høgaste andelen i nokon trøndersk kommune.

Industrivekst i Leksvik
Industriveksten tok til i 1958 da Bjørn Lyng, Elias Grande og Andreas Graven starta Leksvik Edelmetall, som produserte sanitærarmatur. I utgangspunktet likne bedriftsetableringa ei rekke andre som skjedde med god offentleg hjelp i utkantbygder i perioden. Til gjengjeld var det få stader som hadde ein like dynamisk gründar som Bjrøn Lyng. Fram til han selde armaturfabrikken til finske Oras i 1985, brukte Lyng fabrikken som base for ei rekke nyetableringar. Samstundes skapte det industrielle miljøet rundt Lyng-bedriftene grunnlag for andre etableringar, både gjennom investeringar utanfrå, og ved at personar med bakgrunn hos Lyng tok til for seg sjølve.

Etter kvart framstod Leksvika som eit eksempel på det bedriftsteoretikarar kallar eit industrielt "cluster" eller ei bedriftsklynge, med nærare 20 bedrifter mot slutten av 1990-talet. Dei fleste arbeidde mot andre bedrifter som underleverandørar, produsentar av verktøymaskinar og plastvarer eller som leverandørar av mekanisk engineering. Til saman utgjorde dei eit kompetansemiljø der det var forholdsvis lett for enkeltpersonar og fagkunnskap å flytte mellom bedriftene, samstundes som bygda hadde ein kultur som gjorde det lett for tiltaksame menneske å begynne for seg sjølve.

Fosen mekaniske verksted
Gründereffekten var også viktig da Fosen mekaniske verksted på Kvithyll i Rissa vart ein av dei leiande verkstadbedriftene i landsdelen. Der var Jens Bye den sentrale personen i den avgjerande oppbyggingsfasen. Knapt nokon ville ha trudd da første skipet stod ferdig ved verftet i 1968 at det etter kvart skulle få oppdrag med å bygge ikkje berre hurtigruter og store passasjerferjer, men også det store luksusskipet "The World", som var sjøsett i 2002. Framgangsmåten ved Forsen frå 1990-talet og utetter kan sjåast som ein kontrast både til Aker Verdal og andre distriktsverft 20 år tidlegare. Da vart skroga taua til større byar for spesialisert utrusting. Ved Fosen kom skroga til Rissa til utrustin, mellom anna frå Sverige. Det fortel både om kompetanseoppbygging i distriktet, og om verdien av godt utbygde kommunikasjonar som gjorde det mogleg for spesialistar frå andre bygder, for eksempel elektromontørar frå Selfas i Agdenes, å arbeide på verftet på Kvithyll.

Kort tid etter var verftet nedleggingstruga, mellom anna fordi staten heva vilkåra for offentleg stønad ikkje var oppfylt. Saka vart politisert, og viser kanskje meir enn noko anna kor sårbar kompetansebasert næringsverksemd i distrikta hadde vorte, både for internasjonal konkuranse og politiske rammevilkår. Først i 2004 kom det ny verksemd ved verftet - talande nok etter endringar i dei statlege rammevilkåra for næringsstøtte.

 

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, s. 469-470

Relaterte artikler