Rosenborg ballklubbs årsfest (Ingressbilde)

Foto: Schrøder

(Trykk på bildet for full størrelse)

Rosenborg - frå bydelsklubb til landsdelssymbol

Hører til Identitet

Trønderidrett, jamvel trøndersk lagidrett, er langt meir enn Rosenborg ballklubb. Likevel kan det vere gode grunnar til å gå nærare inn på historia om Rosenborg. Ho fortel ikkje berre om utviklinga innan idretten, men ho kan også brukast som eit prisme for å forstå meir grunnleggande endringsdrag i kultur så vel som i økonomi – både innan regionen og meir allment.

På 1950-talet var Steinkjer den store fotballklubben i Trøndelag, og den einaste stabile i landstoppen. Men i 1960 vart Rosenborg cupmeister for første gong. Same år rykka laget opp i hovudserien. Laget var så godt som reint bydelslag. Unntaket var ein 19-årig orkdaling, Nils Arne Eggen, som hadde kome til byen for å studere, og vart venleg mobba som «bone» av bygutan' på laget.

Steinkjer var likevel enno den fremste klubben i landsdelen, medan Rosenborg streva med å etablere seg. Men mellom 1967 og 1971 vart klubben seriemeister tre gonger. Åra som følgte, vart magrare, men etter eit nytt meisterskap i 1985 kom ein lang periode da Rosenborg dominerte norsk fotball på ein måte som ingen hadde gjort tidlegare. Frå 1988 til 2004 var det berre to år klubben ikkje vann serien, fleire år vart han også cupmeister. Frå 1995 var klubben også ei rekke år med i Mesterligaen, og det var ikkje sjeldan å møte utlendingar som ikkje hadde nokon som helst referansar til Trøndelag og Trondheim før dei fekk høyre at det var der Rosenborg kom frå.

Korleis var ei slik utvikling frå bydelsklubb til internasjonalt nivå mogleg? Ikkje minst i første fasen var personfaktoren viktig. Kameratgjengen frå 1960 stod for ei form for fandenivoldsk speleglede som gjekk godt heim hos publikum, og klubben hadde leiarar som kunne ta vare på sjansane. Men det handla også om heldig timing: Klubben var godt posisjonert da konkurransen om fotballhegemoniet i byen hardna til. Til saman førte dette til at Rosenborg vart den leiande trondheimsklubben i ein periode da også fotballen i aukande grad vart underlagt marknadskreftene.

Men korleis kunne klubben også bli leiande i landet? Svaret må søkast langs fleire linjer. Ei handlar om sentralisering og konsentrasjon. Di meir ressurskrevande toppfotbal- len var, di viktigare var det for ein klubb å kunne trekke på eit stort oppland. Allmenne forestillingar om kva som var sentrum og periferi i ein landsdel, favoriserte storbyklubbane. I denne konkurransen tapte Steinkjer, «bon'laget inant» kunne aldri bli identifikasjonsobjekt for fotballfrelste trondheimarar. Forskuvinga av tyngdepunktet i kvinnehandballen i landsdelen frå Innherred til Trondheim er ein parallell prosess som kom om lag på same tid. Men den hang også nær saman med at Trondheim fekk dei første idrettshallane i landsdelen.

Det tidlege 1960-talet var også ei gjennombrotstid for bilismen og fjernsynet. Sirkelen av menneske som potensielt kunne identifisere seg med fremste laget i byen, var såleis i ferd med å utvide seg dramatisk. Den utflytta trondheimaren i Oppdal som i åra etter 1960 fylte bilen med fotballinteresserte naboar når Rosenborg spela storkamp, var ikkje noko særsyn. Slik vart fotballen også ein katalysator for sterkare kontaktar og kulturell utjamning mellom by og land.

Allment var idrettsleg framgang eit godt symbol å samle seg rundt for trøndersk patriotisme. Skiidretten var nok viktig, ein periode kunne også skøyter konkurrere om masseinteressa, men i lengda kunne desse internasjonalt sett forholdsvis smale vinteridrettane vanskeleg måle seg med verdsidretten fotball som det i tillegg var knytta eit stort knippe ritual rundt. Ein klubb som kunne framstå som symbol for trøndersk styrke og samhald, var sikra eit stort, entusiastisk heimepublikum - og følgjeleg også inntekter som med den rette blandinga av hell og dyktigheit igjen kunne konverterast til nye sportslege suksessar.

Ein slik god sirkel føresette likevel at klubben alt var etablert på toppen. For å kome dit, måtte den lokale kameratgjengen få forsterkning utanfrå. Her kom veksten i utdanningssamfunnet klubben til gode, med eit aukande tilsig av studentar i spelarstallen. I tillegg var Rosenborg mellom dei aller første klubbane som tok i bruk økonomiske middel for å trekke til seg gode spelarar, ut ifrå svært romslege tolkingar av så vel skattelov som regelverket i Fotballforbundet. Nesten ingen på meisterlaget i 1971 hadde bakgrunn i bydelen, ein tredel av spelarane kom jamvel frå andre landsdelar enn Trøndelag.

Mot slutten av 1980-talet var Rosenborg leiande i profesjonaliseringa av norsk fotball. Den store omveltninga kom frå 1987/88, da selskapet Rosenborg Sport vart stifta, og forretningsføringa i klubben vart lagt over i opne, ryddige og kontrollerbare former. Da klubben tok dei første stega i marknadsorienteringa før 1970, var verksemda meir prega av improvisert gründerkapitalisme enn av konserntenking. Medan første fasen var kjenneteikna av bereposar og bukselommer, vart den andre prega av stresskoffertar og bankkonti, skriv Ingar Skrede.

Rosenborg fikk såleis etter kvart meir til felles med underhaldningsbedrifter som sirkus og revyteater enn med tradisjonell amatøridrett. Omorganiseringa innebar ikkje berre meir bedriftsøkonomisk tenking rundt verksemda, men også ei forståing av sjølve fotballspelet som eit produkt på ein underhaldningsmarknad. Når laget bevisst valde ein offensiv spelestil, var det ikkje berre fordi det gav resultat, men også fordi det var publikumsvenleg.

Ut gjennom 1990-talet vart bedriftspreget enda sterkare. Inntekter frå publikum, spelarsal og bonusinnntekter frå Mesterligaen gjorde det mellom anna mogleg for klubben å kjøpe Lerkendal av Trondheim kommune og bygge han om til ein rein fotballarena. Både byen og landsdelen samla seg rundt klubben som symbol på at også ein trøndersk organisasjon kunne hevde seg mellom dei store. I 1991 kunne til dømes Marvin Wiseth fortelje at «som ordfører i Trondheim soler jeg meg stadig i RBKs glans ... Rosenborg gir Trondheim en helt egen identitet.» Året etter skreiv Adressa på ledarplass dagen etter cupfinalen om kor godt det var å ha «... noen som ganske ettertrykkelig setter seg i respekt overfor resten av fedrelandet.»

Rosenborg blir såleis ikkje berre eit eksempel på hamskiftet i toppidretten i tiåra fram mot tusenårsskiftet, klubben var også mellom dei som gjekk i brodden for det. På den tida han slo igjennom, høyrde norsk fotball eintydig inn under fritidssfæren. Mot slutten av perioden var han i aukande grad innordna i eit produksjonsliv der produksjon av meining, symbol og oppleving hadde fått ein stadig viktigare plass. Hovudproduktet til bedrifta Rosenborg var oppleving, men ho leverte også symbolverdiar og identitet til samfunnet omkring, og vart jamvel brukt som eksempel for lagbygging både i offentleg og privat samanheng.

Midt oppe i marknadsorienteringa dyrka klubben også fram ei form for ideologi som fann si uttrykte og tilspissa form i trenaren Nils Arne Eggens «godfotteori». Heilskapen blir best når spelarane får høve til å utvikle seg innan det dei er gode i og bruke det i samhandling med dei andre, meinte Eggen. Det skulle med andre ord vere rom for både individualisme og ulikskapar innanfor eit kollektivt system. Men målet med verksemda var å vinne over konkurrentar og motstandarar. Slike tankar var på linje både med anerkjent teori for bedriftsleiing og med eit liberalisert, marknadstilpassa sosialdemokrati, og Eggen vart jamvel tilbydd ein statsrådpost da Thorbjørn Jagland danna regjering i 1996!

Andre idrettsutøvarar og idrettsgreiner opplevde likevel at dei vart sette i skuggen. «Trondheim er ingen idrettsby, den er ein Rosenborgby,» var ei utsegn ein stundom kunne høyre. Ikkje berre byen, men heile landsdelen identifiserte seg med klubben. Berre dei mest kritiske spurde kva som hadde gått tapt i vegen frå amatøridretten til underhaldningsindustrien.

Fra Trøndelags historie bind 3, s. 458 - 461

Kilder