Helse Hygiene Fra Minneoppgåver for eldre 1980

Kilde fra Minneoppgåver for eldre 1980, her fra Trøndelags historie bind 3, s.151.

"Det seier seg sjøl at ein stad der ein ikkje har innlagt vatn, ikkje vaskerom eller bad eller berre utedo, der må dei sanitære tilhøva bli heilt annleis dårligare enn det ein er vande med no for tida. Men likevel, det var stor skilnad på reinsligheta i dei ymse heimane. Einskilde stader var vide kjende for ureinsleighet og til dømes for utøy som lus som gjerne var eit tegn på skort på god flinad. Vi hadde ikkje utslagsvask, slik at alt sølevatnet måtte berast ut at. Vaskinga gjekk alltid føre seg i eit vaskefat, og skulle ein ha litt større omflinad som t.d. til ei helg, så var det å få det varmt inne i omnskråa i stua og så vaske seg der. Trulig var det vel heller litt dårlig reinhald einskilde gonger. Om somaren var det noko betre. Vi unge kunne da ta bad både titt og ofte, og elles var det vanlig å gå ned i bekken og vaska seg der."

(Fortalt av Karl Tørhaug, Født i Stokksund 1912.)

Kilde for