SKD-02-0012.jpg

Hovedbygningen på Gjevsjøen der Colby's gruppe held til i april/mai 1945 og der 5 tyske soldatar vart skotne 5 mai.

Foto: Kolbein Dahle

(Trykk på bildet for full størrelse)

Gjevsjøen og operasjon Woodlark

Den 5. mai 1945 gjekk det av eit fatalt skot på denne fjellgarden. Karle Berre fekk ei kule i magen og raskt etterpå vart fem tyske soldatar skotne. Rapporten seier at dei fall i kamp, men det har heile tida sidan vore tvil om det stemmer, eller om det var ei regelrett avretting av fem soldatar som var i ferd med å overgje seg.

Som tause vitne står dei gamle bygningane på Gjevsjøen der framleis. Dei vil aldri kunne avklare kva som eigentleg skjedde, men at dei får stå der som eit krigsminne, vil kunne minne oss om denne dramatiske og tragiske hendinga.

Denne hendinga på Gjevsjøen var likevel berre ei siste akt i ei lenger historie. Det starta med den japanske bombinga av Pearl Harbor i 1942 som førde USA med i krigen. Etter dette vedtok War Department å sette opp særskilte einingar av amerikanske borgarar frå fleire etniske grupper der opphavslandet var okkupert av aksemaktene. Ei av fem slike grupper som vart etablerte i 1942 var norsk, 99th Infantry Battalion (Separate).

Ein av kvalitetane med desse gruppene var at dei var tospråklege og dermed særleg kvalifiserte for å operere i okkuperte område.

Bataljonen deltok aktivt i invasjonen i Normandi i 1944. Den 19. januar 1945 slutta Bataljon 99 seg til 474th Regiment (Separate) med tanke på operasjonar i Noreg.

Hovudstyrken kom ikkje hit før etter frigjeringa, men tidsnok til å vere med som æresvakt då kong Haakon VII kom heim 7. juni.

Medan dei var i Camp Hale i 1943 bad Kontoret for strategiske tenester (Office of Strategic Services) om frivillige frå balaljonen. 80 menige og 12 offiserar vart plukka ut til det som skulle bli OSSs – Norwegian Special Operation Group (NORSOG).

[bilde1]

NORSOG var i utgangspunktet tenkt til innsats i Noreg, men først tidleg i 1945 vart NORSOG sett inn i Noreg. Dei skulle utføre jernbanesabotasje fram til frigjeringa,

(Operasjon Lapwing, også kjent som Operasjon Rype(. Såleis kom ei gruppe leida av Wilhelm Colby til Snåsa der dei sprengde jernbanebrua over Jørstadelva. Det var i jakta på sabotørane bak denne sprenginga dei tyske soldatane kom til Gjevsjøen.


Den gamle hovudbygningen er ikkje lenger i bruk, kanskje kunne det vore innreidd eit lite museum her til minne om dei dramatiske hendingane her på slutten av krigen.

Litteratur: Rolf Vestvik: Historien om Karle Berre, Årbok for Namdalen 1995