Vonheim8005.jpg

Vonheim, Snåsa.Arbeidersamfunnets hus frå 1901.

Foto: Kolbein Dahle

(Trykk på bildet for full størrelse)

Sanitetsforening med kinodrift

I mange år frå 1920 dreiv Snåsa sanitetsforening kinodrift i Arbeidersamfunnets forsamlingshus, Vonheim ved Viosen i Snåsa. Dette gav god inntekt til foreninga og var til god hjelp i kampen mot sjukdom i bygda, særleg sto tuberkulosen høgt på prioriteringslista i dei åra.

Snåsa arbeiderforening tok initiativ til Vonheim i 1899, huset sto ferdig i 1901. Snåsa arbeiderforening var eit borgarleg arbeidarlag, stort sett med medlemmar som var bønder med tilknytning til partiet Venstre.

[bilde1]

Snåsa sanitetsforening var skipa etter eit foredrag av Fredrikke Marie Qvam i 1912.

Vonheim var eit aktivt kulturhus frå første stund. Kunstnaren Louis Kvalstad fekk i oppdrag å lage sceneteppe. Etter at Vonheim vart museum på 1970-talet, kom dette teppet fram att.

[bilde2]

Under krigen var Vonheim okkupert av tyskarane. Under restaureringa på 1970-talet kom det fram eit målarstykke eller ein dekorasjon laga av ein soldat frå Westfalen.

[bilde3]

 

Jørn Sandnes: Snåsaboka b. II side 366