Mykje folk var på flyttefot på 1800-talet. Nokre flytta berre lokalt, andre flytta innanfor regionen, og atter andre drog langt av lei. Ikkje alle flytta permanent, men var berre på sesongvise arbeidsvandringar eller dreiv langtidspendling.
Det mest treffande svaret på spørsmålet om kvifor folk flytta, er jakta på levebrød. På
flytteattestane var arbeid oppgjeven som grunn i mange tilfelle. Nokre var beint fram
nøydd til å søkje seg utkome andre stader. Andre sto friare og var kanskje også drivne av
eventyrlyst.